Side:Garborg - Haugtussa.djvu/193

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Alt ser eg og hugsar som daa eg saag;
men stur er eg no der fyrr eg var fjaag.
Alt er det gamle, i Hus og Gard,
men annarleis, annarleis enn det var.

Heimen ligg paa den same Flekk;
ho Mor gjeng tuslar som fyrr ho gjekk.
Men tom stend Heimen forutan Ord;
og framand vart mest mi eigi Mor.

Framand er Heid og framand er Myr;
framand tykkjest meg Katt og Kyr.
Framandt glor det sin eigin Veg;
vil meg kje noko. Kjenner kje meg.

Stogo gleiner so kald og graa;
audt og stuslegt der er i Kraa.
Som vali gjeng eg paa Hand og Fot;
alt fell meg tungt. Alt er meg imot.

I Glaskarmen heng eg og stirer stur;
lengtar, lengtar som Fugl i Bur.
Men ingin aa sjaa paa Veg eller Vang.
Jau no hev eg lært at Dagen er lang.