Side:Garborg - Haugtussa.djvu/192

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

DEN SOM FEKK GLØYME

Den minste Minning eg um deg møter,
so tungt det tek meg, so saart det grøter;
det mindste Orde eg høyre maa, —
med Hjartegraat gjeng eg derifraa.

Eg skulde aldri den Suti gøyme,
naar so det var at eg maatte gløyme;
eg skulde aldri gaa sjuk i Kring,
naar eg feek gløyme den eine Ting.

KOR HEV DET SEG?

Kor hev det vorti Veslemøy no.
Eg kjenner meg ikkje. Eg var ikkje so.
Eg gjekk her trygg og tulla og sprang
og visste kje av at Dagen var lang.

Det er som ein Draum, naar eg tenkjer paa
den Tid eg kann ikkje meir forstaa.
Den same gjeng eg, i same Ferd;
men d'er som eg var i ei onnor Verd.