Hopp til innhold

Side:Garborg - Haugtussa.djvu/194

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Aa denne Heimen so god og kyrr;
aa her som eg treivst so hjarteleg fyrr!
— Nei Mor, eg kann ikkje vera glad;
Hugen min er paa ein annan Stad.

VINTER-STORM

Aa lat det bure, aa lat det braka;
la Huse riste og Tufti skaka!
Lat brotne allting som brotne kann!
Det døyver Tankane litegrand.

Um Stormen tok baade Hus og Hytte, —
det vart eit Bìl daa eg mindre sytte.
Um Jordi gav seg i djupe Grunn, —
daa fekk eg gløyme ei liti Stund.

Um Sky datt ned som paa Himlen flakkar,
um Have braut yvi alle Bakkar,
ja um all Verdi seg søkkte ned, —
so var det Slutt og so vart her Fred.