Side:Garborg - Haugtussa.djvu/124

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


D’er gildt; — naar berre ikkje dette var,
at ingin av deim lenger fri og kyrr
den andre kann i Augo sjaa som fyrr; —
har òg er brydd, som skulde vera Kar.
Naar berre ikkje dette eine skilde,
aa nei, so godt som daa det vera vilde!

Men upp det dreg; og døyvde Toremaal
i Bergi brumlar; snart vil Regne drive;
ved Gjætleberge snøgt dei maa seg live;
der under Heller er eit Livdahòl.
Det er kje stort! nett so det vel er vitjande.
Der inn dei kryler, og der vert dei sitjande.

Og som det lid ti svale Kveldings Stund,
alt meir og meir i Lengt dei saman søkjer;
og braadt um Hals den unge Arm seg krøkjer,
og øre skjelv dei saman Munn mot Munn.
Alt svimrar burt. Og der i Kvelden varm
i heite Sæle søv ho i hans Arm.