Side:Garborg - Haugtussa.djvu/125

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

KILLINGDANS

Aa hipp og hoppe,
og tipp og toppe
paa denne Dag;
aa nipp og nappe,
og tripp og trappe
i slikt eit Lag.
Og det er Kjæl-i-Sol,
og det er Spel-i-Sol,
og det er Titr-i-Lid,
og det er Glitr-i-Lid,
og det er Kjæte
og Lurvelæte
ein Solskinsdag.

Aa nupp i Nakken
og stup i Bakken,
og tipp paa Taa;
aa rekk i Ringen,
og svipp i Svingen,
og hopp-i-haa.
Og det er Steik-i-Sol,
og det er Leik-i-Sol,
og det er Glim-i-Lid,