Side:Garborg - Haugtussa.djvu/123

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

men kan kje koma rett i Svalle-Lag.
No, daa dei rett skal hava gildt og Gaman,
ho sìt der hjelpelaus og er som framand.

Han bed um Sogur, man kann inkje faa;
alt det ho stundom saag og langsynt drøymde,
det kann ho likson ikkje koma paa;
det er som alle slike Ting ho gløymde.
«Nei, lat no Trolli,» bed ho, «gaa for seg.
I Dag eg heller høyre vil paa deg.»

Han gjerne daa fortèl um Skarebròte,
der upp han vaks, og som han ein Gong fær;
dei fire Kyr skal maklegt føde der,
naar han fær stelt det paa den rette Maate.
Kvart Orde hans ho trygt kan stole paa;
og alt ho spỳrr um; alt ho vìta maa.

Som dreg dei rundt um Lid og logne Strendar
med snilde Smale og den kloke Ku;
og naar eit Bìl dei kann seg trygge tru,
so tek dei Fisk i Bekk med berre Hendar.
Den steikjer dei på Glod som best dei rekk,
og tømer so den gode Nistesekk.