Side:Garborg - Haugtussa.djvu/122

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Burt vil ho gøyme seg i Ørska braa,
men stoggar tryllt og Augo mot han vender;
dei tek einannan i dei varme Hender
og stend so der og veit seg inkje Raad.
Daa bryt ho ut i dette Undringsord:
«men snilde deg daa... at du er so stor!»

Han smiler raud og strekkjer Led og Legg;
«det er vel so, naar Guten Kar maa vera,
han lærer au som vaksin Kar seg bera.»
— «Og tenk, eg trur at du hev fengi Skjegg!»
«Det var der fyrr,» han svarar stø og sann;
«men kanskje det hev vaksi litegrand.»

Han mjuk seg ned attunder Steinen slengjer,
og upp or Lumma Nistemat han dreg;
og gild han vera skal som andre Drengir:
«sjaa her er Egg! Deim tok eg med til deg.»
Ho lær og sèt seg, so ho nett kann sjaa han.
I Barm det gjeng; ho fær kje Augo fraa han.

So sìt dei der i denne varme Dag;
han lentug er, og ho maa læ i eino;
ho er so glad som Fuglen millom Greino,