Denne siden er godkjent
I Logn under bratte Bergvegg-Stup,
der søv dei svarte Votni;
dei glor som glimande kalde Glup
med falske Underbotn i.
Naar stilt det regner i myrke Kveld,
vil Nykken i Vatsmaal drive;
han uler fælt millom aude Fjell,
naar nokon snart skal blive.
Aa hu, for skræmeleg Graasteins-Urd!
Ho vil meg med Trolldom binde.
Men Gudskjelov! naar eg rett meg snur,
so kann eg Have finne.
«DOKKA»
Aa Dokka, Dokka, snilde Kui mi!
naar Graaten kjem i desse Dagar seine,
so kom og kjæl meg du med Kinne reine;
du er so god; du er so hjarteblid.
Ja berre du meg fylgjer her i Lid,
so er eg endaa ikkje reint aaleine.
Og kjære seg meg, trur du det er Von . . .
Seg, trur du eg maa tenkje paa han Jon? —