Side:Garborg - Haugtussa.djvu/114

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Aa Gud velsigne den blanke Rand,
som ringar seg blaa der ute!
Og Gud velsigne kvar Siglarmann
og kvar den symjande Skute!

Men hu, denne Fjell-Urd med Kamp og Koll
i villaste Vill-Røys slengde, —
det er som ei herjande Horg av Troll,
av Tora slegne og sprengde.

Og Nòs og Nabbe og vide Stakk
og Hausar rullande runde,
d’er Gygr og Rise som sprang og sprakk
i solblanke Morgonstundi.

Dei staaka og stangast i harde Tak
mot Gudar og ljose Sveinar;
men ned dei ramla med Røyk og Brak
som Bergbròt og Kampesteinar.

Og Armar datt yvi krøkte Bein
og Haus millom Bùlar lange;
so veltest ihop denne Verd av Stein
av Skoltar og Bròti mange.