Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/47

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Helvite med Fynd, so vart sjølve Tollkjeringane rædde.

Soleis hev Helvite ikkje gjort berre vondt. Med sitt drøymde Eldhav sløkte det dei jordiske Baali.

Alle magistri, doctores, professores sette seg til med sine lutherske Biblar og skreiv hjartevarme Bøkar um, kor endelaust naadig og faderleg Gud var, som sat sæl i sin Himil og saag Stormengdi av sine kjære Born brenne æveleg i det uendeleg heite Helvite. Og Evangelie um Helvite vart forkynt med Kraft i alle Kyrkjur og i alle Skular.

Enno er Helvite Grunnen under Protestant-Kyrkja. Og som Messias i Rom kom burt attum Pavestolen, soleis kom han i Nordlandi burt attum Prestekjolar og Bokskaap.

Men som den romværske Antikrist hev bleikna paa sin Stol, so tek og den protestantiske Djevelen til aa folne. Me hev Prestar som vaagar aa tegja med Djevelen naar dei skriv paa Prent; ja det hender, at dei, naar dei skriv, i Staden for den ævelege Elden sèt inn „det rystende Mysterium i Begrebet Gjengjældelse“.

Med Folke er det verre. I Staden for den gamle truskyldige katolske Fanden hev det endeleg fengi den vonde og veldige protestantiske Djevelen inn i Tankeheimen sin; og det