Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/48

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

som verre er: Folke treng meir og meir denne Djevelen. For Folke ser, kor lite Rettferd det er i Verdi; og den einaste Trøysti det hev er den: i Æveheimen skal Lasarus hava det godt, men den rike Mannen skal brenne; heitare enn heitt, i Ævords Ævur og Endeløysur skal han brenne; brenne — —

*

Den sanne Messias talar gjenom den gløymde Bibelen enno det Orde som hev Magt til aa frelse Verdi: du skal elske, unne, din Næste som du elskar, unner, deg sjølv. Kjem Verdi nokon Gong so langt at ho kann høyre og skyna dette Frelsarorde?