Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/46

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Stad; og mot denne Develsdomen var det at Baali vart kveikte.

Men nok fekk dei aa gjera no som fyrr; Baal lòga upp yvi heile det protestantiske Nord-Europa. Jamvel det fredelege Norig kom her med. Trollmennar og Trollkjeringar i Mengd vart sende Eldvegen til sin Herre Fanden. [1]

Men dei slokna, desse Baali med. Millom Grunnane til dette skal eg her nemne den, at Kyrkja no hadde fengi eit fullgodt Baal i hin Heimen.

Rom-Kyrkja hadde ikkje havt stort anna aa fara med enn Skirsle-Elden. Det var lite tess med det katolske Helvite; Folk kunde umvende seg i Skirsle-elden, eller verte kaupte ut av den; ein var daa aldri trygg paa at ein kunde faa dei vonde ned i den ævelege Elden.

No hadde Luther stròki Skirsleelden. Helvite var sett inn i Bibelen all Stad; og Folk skulde til Helvite no med same dei døydde, naar dei daa ikkje hadde den rette Trui. Dermed var alle ugudelege visse paa Helvite, Trolldomsyrkjarar fysst og fremst.

Dette hev gjort Kyrkja tryggare. Ære vere Gud. Me hadde Helvite, som baade brann æveleg og dertil var tusund Gongir heitare enn den heitaste Eld; no var det berre aa preike

  1. Troels Lund: „Dagligt Liv i Norden i det 16de Aarh.“ XIII, S. 139.