Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/45

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

til Gud um, at den „heilage Inkvisitionen“ maa koma upp att, hev alt til dei siste Tidir vori aa lesa i katolske Blad. Den paveleg antikristelege Helvit-Elden brenn soleis aandelegt enno.

*

Med alt dette „tyrste Kyrkja ikkje etter Blod“. Det var den verdslege Magti som laut bera Skuldi for all denne Myrding og Brenning.

Endaa betre kunde Protestantkyrkja sidan skulde paa Riksmagti naar ho kveikte sine Baal; ho hadde sjølv gjevi seg inn under Verdi.

Det var elles ikkje for „Vantru“ Protestantkyrkja brende sine Folk; sjølve Calvin greidde seg her med Øks eller Galge. Det som no heldt Baali brennande var ei Djevledyrking av eit framifraa Slag.

Djevelen var komin til Magt paa ein serskild Maate. Det var han som raadde i Verdi no. Ikkje berre Faderen var gløymd; Gud i det heile var aa kalle avsett. Berre eit lite Faatal („dei utvalde“) raadde Gud yvi no; „Verdi“ hadde fengi Djevelen til Gud, og skulde høyre honom til æveleg.

Det var daa rimelegt, at Djevelen steig fram og viste si Magt. Det var ei Djevletid som no tok til; Trolldom og Develsdom spøkte all