Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/44

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

som denne „Retten“ kunde faa i; Fanden hev aldri vori meir hol etter Sjælir til aa pine enn denne kristelege Trudomsretten.

Noko-so-nær alle katolske Land, i og utanfor Europa, hev havt slike Domstolar. Lærde Mennar som hev granska Sogo um dette jordiske Helvite, trur, at Pavedøme i dei siste 1300 Aari hev — endefram eller umveges — teki Live av slikt-noko som 50 Millionar Menneskje. [1]

Endaa i vaare Dagar priser katolske Blad dei „Trudomskjempur“ som paa denne Maaten hev elska sin Næste. Eit spanskt Paveblad nemner med Ros slike „heilage Mennar“ som Torquemada og andre, som det sjølv fortèl hev brent livande i alt 35 534 Mennar og Kvende (og dømt 293 533 Menneskje til andre Strafflr) berre i Spania; og eit katolskt Blad i Amerika skriv, at kunde det faa fylgje sin Hug, so vilde det sprette „Protestant-Læra“ „upp og léma ho sund; stinge ho paa Paalar og hengje ho upp til Kraakereir; sprengslite ho med Knipetengar og brenne ho med gloande Jønn; fylle ho med smelta Bly og sekkje ho ned i 100 Famnar djup Helvit-Eld“; — i Amerika segjer dei Protestant-Læra, vaagar vel ikkje paa Prent aa segja beint fram Protestantar. Og Bønir

  1. Meir um desse hugsame Ting kann den som hev Hug lesa hjaa Soguskrivarar som Macauley, Motley, D’Aubigné, White, Elliot, Foxe o. m. fl.