Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/43

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

fast paa dei kvasse Oddane; daa dei fekk ’n laus og saag etter, var han all igjenom upphakka med Smaahol; kvart Hol var ei 2—3 Tomar djupt.

Um sjølve Fangehuse fortèl Boki:

Daa det vart opna, syntest ei lang Rad med myrke Hòlur som det stod liksom Liktev or; og noko som Skrymt kraup fram or desse Holi. Busteskjegg ned-yvi Bringa og Neglir som Fuglekløar skjemde desse Beinrangli, som no med hivande Barm saug frisk Luft for fysste Gongen paa lange Tidir. Mange av deim var Kryplingar vortne, med Hovudi frambøygde og Armar og Hendar stivt hangande; dei hadde vori innestengde i Hol so laage at dei ikkje hadde kunna stande rett. Mange døydde same Dagen. Generalen og fleire av Hèr-Raadane gjekk seinare inn i dette Fangehuse; dei saag her Pinsle-Reidskap so stygg-fæle, at jamvel desse Mennane som var vane med Vigvollar og all Styggedomen der, dei kulsa av Rædsle. — Og dette var endaa so seint som i Napoleon-Tidi.

Trudomsretten dreiv det so vidt, at stundom naar ein Arming var pint til dess han ikkje tòlde meir, lét dei ein Lækjar stelle ’n til Rettes att paa ei Vis, og gav seg so til aa pine ’n paa nytt Lag. Pinsla vart serskilt nytta til aa tvinge Syndaren til aa nemne fleire „Rangtruande“