Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/42

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Knipetengar; Augo vart klembde ut paa Folk, og Neglar utdregne med Jønn som glødde; sùme vart bundne med Tòg som vart dregne gjenom uppskòrne Hol i Hæl-senane; eller dei vart drivne til aa hoppe ut fraa Høgdir og ned paa Lausgolv med lange kvesste Spikar-Oddar upp-igjenom; der laut dei liggje til dei var ihelslitne av Verk og Senedraatt. Sùmt er slikt at eg orkar beintfram ikkje fortelja det.

Ei av dei utrulegaste Pinsle-Gognine er skildra i eit franskt Soguverk um Napoleon-Hèrferdi til Spania:

I ei Kraa i ein Kjellarkvelv attum Forhøyrssalen stod eit stort Bilætverk av Tre; det skulde vera Jomfru Maria. Um Hovude hadde det ein Straalekrans og i den høgre Handi ei Fane. Um Aksline hekk ei vid Silkekaape; men under den hadde Bilætstòdo noko som ei Brynju; daa dei saag etter viste det seg, at Framsida av Bilæte var fullsett med kvasse Saumar og smaae smale Knivsblad med Oddane ut. Bilæte hadde Armar med Lédir, og eit Gognverk attum ein Halvvegg sette Armane i Rørsle; ein av „Retts“-Tenarane vart tvinga til aa setja Verke i Gang; Bilæte rette daa ut Armane, liksom det vilde draga einkvar inn-til seg. Ein fullstappa Hèrmanns-Ryggsekk som dei lét det faa, drog det daa aat seg fastare og fastare. Sistpaa viste det seg, at Sekken hekk