Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/41

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Men det fælaste av alt er Trudoms-Retten, „Inkvisitionen“, som kom upp i 1204.

Aa gjeva ein Tanke um det Helvite som med den vart kveikt yvi den „kristne“ Verdi, det læt seg ikkje gjera paa eit Ark eller tvo. Men eitt og anna kann eg nemne.

Den minste Mistanken um „Vantru“ var nok til at kven som helst, utan Varsel og utan Forsvar, ja utan so mykje som vanlegt rettslegt Klagemaal, vart innestengd i fæle Fangehol, og det paa reint uviss Tid, til dess den heilage Retten fekk Stundir eller fann for godt aa „forhøyre“ ’n. Sjølve Forhøyri var løynlege, og Pinebenken den visse Forhøyraren, so sant Syndaren ikkje strakst lét seg skræme til aa segja det „Retten“ vilde høyre. Det som er fortalt um desse Pinslune vilde me aldri kunna tru, um ikkje mange av Pinsleveldi og -Vaapni var aa sjaa baade her og der i europæiske Samlingar; sùme av deim hev eg sjølv set, og det kulsar i meg berre eg hugsar deim.

All Helvit Pinsle som ut læt seg tenkje vart utnytta her i Jesu Namn: Kvæving, Flaaing, Brenning, Ihel-Boring, Ihel-Svelting o. s. fr.; smelta Bly vart heilt i Halsen, eller i Øyro paa Folk; Hjul vart tilskipa med Knivsblad, som smaahakka Syndaren sund; paa dei Stadine av Kroppen som tòler minst vart han brend og knipin med gloraude Jønnstengar og