Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/40

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Bygdir og Blod fløymande yvi Land; ein Stad vart 180 Menneskje brende upp paa ein Gong; det er so ein trur ein er i Helvite, naar ein lès um det. Men Kongar og Hèrmennar som var Førarar for denne Slagting og Brenning, dei vart av Paven lyste heilage; og Kyrkja dyrkar desse Heilagmenni enno.

Keisar Karl V forfylgde Luther og hans Flokk i alle sine Land; Hertugen av Alba fekk paa 6 Vikur Live av 18 000 Protestantar; i Holland vart 50 000, i Belgia 100 000, drepne for Vantru mot Pavekyrkja; i Frankrike hev me Blodbad og Blodbrudlaup i Merindol, Orange, Paris o. s. fr.; Mennar, Kvende, Born vart nedkniva eller uppbrende, ofte pinte og skamfarne paa den fælaste Vis; etterpaa gjekk Kongen i Kyrkja og takka Gud for det som gjort var. Og Kristi Jarl i Rom og hans Hovmennar song Lovsongar og heldt Takkemessur av Hjartans Grunn, og lyste dei verste Blodhundane heilage; „Forsvararar for den heilage Trui“ døypte ho deim. Eg kann ikkje rekne upp all denne skræmelege Molokdyrking i Jesu Namn; eg skal endaa berre nemne, at i eit einaste irskt Landskap, Ulster, vart i ei „Krossferd“ i 1641, etter ei Rekning som gjeld for rimeleg, 154 000 Protestantar drepne eller avjaga.