Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/39

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Det gjekk som det laut gange. Det som fyrr hadde vori Utestengjing, Til-sides-setjing, vart Tvang og Tyngjing, og sistpaa Vald; den „kristne Kyrkja“ tok sjølv til aa forfylgje Jesus-Sveinane (Valdensarar, Albigensarar, Hussitar, Hugenottar og kva dei utetter Tidine vart kalla). Og det vart Forfylgjing for Aalvor; Mot-Messias skyna, at her galdt det Tilvære hans. Det vart ei Forfylgjing, ikkje paa nokre Aar, men ei Forfylgjing som varde og som rakk, Hundradaar etter Hundradaar, og auka og voks, i Vidd utyvi heile den kjende Heimen, og i Hardhug og Villhug til ho naadde det høgste av Fælske som Sogo veit um.

Her berre nokre av dei grovaste Dragi:

Alt i Aar 630 maatte den spanske Kongen, drìvin av Kyrkjemagti, gjera Eiden sin paa, at han ikkje i alle sine Rike og Land vilde tòla anna enn kyrkjetrugne. I 1160 vart det ei hard Forfylgjing i England; 1224 tog Tyskekeisaren til aa brenne deim som „trudde rangt“; og Franskekongen gav seg til med det same i 1228. Pavane sjølv preika Krossferdir i Kristi Namn mot dei Jesus-Kristne, og lova Forfylgjarane — det verste Herk under Soli — Syndsforlating og fri Inngang til Himilen; paa den Maaten kom det i den fysste Helvti av 1200-Tale i Gang ein Trudoms-Ufred som varde i 20 Aar, med Brenning av Byar og