Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/36

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Gud“, veit me. Like eins veit me, at Bibelen i Pavekyrkja er bannlyst, so nær som i katolske Kyrkjeumsetjingar med tilsette kyrkjelege Forklaaringar[1]; og sjølve denne Bibelen maa ingin eige utan skriftlegt Løyve fraa Presten. I ei Pavebulle fraa 1816 er det sagt, at „ved dette overlag sløge Paafynster“ (aa gjeva ut Bibelen paa Folkemaal) vert „sjølve Grunnvollane for Trui undergravne“; og sjølve den milde Pave Pius IX banna dei „løynske og svikfulle Samlagi som vert kalla Bibel-Samlag, og som gjev den urøynde Ungdomen Bibelen i Hendane“.

*

Daa den kyrkjelege Mot-Messias var komin til Magt, reiste han seg mot den sanne Messias med ein Krig som er det styggaste og fælaste Heimssogo kjenner. All Heidning-Villskap fraa jamvel dei myrkaste Tidine er berre Barneleik mot den kyrkjelege Djevledansen som dei kallar „Forfylgjingar“.

Det gamle Rom hadde med all Heidindom fari etter Maaten lindt fram mot dei Kristne.

  1. Som til Mt. 3: 10: „Rangtruande ... kann og bør verte tukta og avliva ved den verdslege eller kyrkjelege Embættsmagt“, o. s. fr.
      Protestantkyrkja hev gjevi Bibelen fri; Folk som ikkje trur paa den kyrkjelege Bibelumsetjing og -Tolking vert berre dømde til Helvite.