Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/37

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Liksom Pilatus i Evangelie og Feliks og Festus i Apostelgjerningar freista dei romværske Hovdingane for det meste aa stogge Prestehate mot Jesus-Sveinane hjaa Jødar og Heidningar. Av Keisarane var det Nero og sume andre som dreiv med Forfylgjingar, helst i den Tidi daa det gamle Rom tok til aa ræddast for Dauden; men desse Forfylgjingane varde sjeldan lengi, um elles den under Diokletian var drjug nok (10 Aar).

Daa Keisarane vart „kristne“, vart det paa ein Maate verre. Det gav verdsleg Vinning aa kalle seg kristin, og „Kyrkja“ vart full av Skrymtarar; sanne Jesus-Sveinar vart heller trengde undan. Men full-gali vart det ikkje fyrr Pavedøme kom til Magti.

Daa tok det til med full Trudomstvang: Løn for dei kyrkjelege og Nedkvæving og Undantrengjing av alt som var att av Heidindom eller av den gamle Messiastru. Skriftemaale vart her serleg ut-nytta. Gjenom det fekk Kyrkja Greide paa Tankar og Synsmaatar hjaa alt Folk, og nytta denne Kunnskapen ut til aa draga sine eigne fram og skuve undan deim ho mindre kunde tru paa. Men ved dette kom ho uviljande til aa gjera sùmt godt au. At sann Kristindom laut lide i Verdi, det hjelpte daa som fyrr til aa halde sann Kristindom uppe.