Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/35

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

neskje, hev same Mynja som Kongen yvi Kongane. Eg er alt i alle og yvi alle, so at Gud og eg, Augnesyningi hans, me hev berre ein Domstol.“ „Kva anna kann dé gjera meg til enn Gud?“ „Um Kyrkjeherrar vert kalla Gudar av Konstantin“ (Keisaren), so maa „eg som stend yvi alle Kyrkjeherrar, dermed stande yvi alle Gudar.“ Difor „stend det og i mi Magt aa brigde Tid og Tidir, umgjera og avtaka Lovir, avløyse fraa alt, jamvel fraa Kristi Fyriskriftir“; for „um Kristus aldri so mykje byd Peter stinge sitt Sverd i Slira, tru daa ikkje eg, Pave Nikolaus, like godt skriv til Bispane i Frankrike og byd deim draga Sverde?“ „Kva skal eg segja um Mord, naar eg vedtek, at det ikkje er Mord eller Draap aa slaa bannsette ihel? Like eins tek eg fri baade fraa naturleg Lov og Apostel-Lovir; naar Kyrkeretten segjer at ein Prest skal misse Embætte for Hor Skuld, so segjer eg nei, av di eg meiner Mannahugen er veikare no enn han fyrr var.“ Og Paven sèt upp ei Liste paa 51 Bòd og Fyriskrifter som han paa visse Vilkaar gjev Løysing fraa. Han sèt like eins upp ei lang Liste yvi sine Innkomur og Dyrdir og Eigedomar og Land, uhorvelege Rikdomar som han eig, trass i Jesu Ord um dei rike.

At Paven i 1870 vart lyst mistaksfri, so at han no etter sjølve Kyrkjelæra er „liksom