Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/34

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

og Urett“; det er so Gud sjølv kjem burt, so breid og stor vert denne Motkrist.

Or gamle Pavebrev hev ein engelsk Granskar funni fram ei lang Liste med Ord som ber paa same Leid; her er nokre av deim:

„Difor, daa slik ei Magt, i Himilen, Helvite og paa Jordi, er gjevi Peter og i Peter meg (Paven), kven er daa den i heile Verdi som ikkje bør rette seg etter Bòdi mine?“ „Eg aaleine stend ikkje under nokon Skapning, ja ikkje under meg sjølv dess-meir“; „alle bør lyde og fylgje meg; og ingin maa skulde meg for noko vondt eller døme meg, og ingin avsetja meg, utan eg sjølv. Ingin kann bannlyse meg, um eg so hev Samfund med dei utstøytte; ingin Kyrkjeregel bind meg.“ „Det store i Prestedøme byrja med Melkisedek, vart vigt i Aron, fullkomi i Kristus, framført i Peter, opinberra i Paven. So at i meg, Paven, viser det seg aa ha vorti heilt ut til Røyndom, det som vart sagt um Kristus: du hev lagt alt under Føtane hans“. Paven maa ein daa alltid taka for god og heilag. Ja um han fall i Mord eller Hor[1], kann han vel synde, men ikkje verte klaga; han maa heller verte orsaka ved Myrdingane aat Samson, Stuldine aat Hebræarom o. a. „Heile Jordi er Prestegjelde mitt; eg er aandelegt Yvihovud yvi alle Men-

  1. Som til sine Tider høvde.