Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/33

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

verke Guds Lov, ved avgrensande (innknipande) Tolkingar o. s. fr.

Dette er katolsk Kyrkjetru; Paven krev ho og hev gjort ho til Sælevilkaar. I eit Bannlysingsbrev yvi Dronning Elisabet segjer Pave Pius VI, at Gud „yvigav ei heilag katolsk og apostolisk Kyrkje — og utanfor den er ikkje Frelse — til ein einaste paa Jordi, til Peter, Apostelfyrsten, og til Peter-Fylgjaren, Bispen i Rom, med Styringsfullmagt. Honom aaleine gjorde han til Fyrste yvi alle Folk.“

Pave Nikolaus I segjer beint ut, at Paven ikkje karm verte dømd av Menneskje, „av di han er Gud“. Etter Pave Innoncents III sìt Paven „paa den sanne Guds Stad“; Ord som „vaar Herre Gud“ er beint ut bruka um Paven i Ordtydingane til Kyrkjelovi. Tvo kjende gamle Kyrkjelærarar segjer at Paven kann gjera „mest alt som Gud kann gjera“; men ein som skreiv seinare (Decius) strauk dette „mest“: Paven kann gjera alt som Gud kann gjera. Ein annan Kyrkjeherre segjer: Paven hev Forsæte i Verdi i Kristi Stad; ingin karm neite honom Lydnad meir enn ein kann neíte Gud Lydnad. Den engelske Kardinal Manning († 1892) forkynner, at Paven er „den øvste Domar og Styrar yvi Samvite aat Menneskjom“, og „den einaste, siste, øvste Domaren yvi Rett