Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/32

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Eit Ord av Pave Bonifacius VIII: „det er naudturvelegt til Frelse for kvart Menneskje aa vera Paven undergjevin,“ stend i Kyrkjelovi. Gregor VII liknar Pavemagti og Kongemagti ihop med dei tvo store Himil-Ljosi; Pavemagti er Soli; Kongemagti fær sitt Ljos av den, er Maanen. Ein Erkebisp (St. Antonius) hev skrivi, at Paven er større enn baade Menneskji og Englane i Mynju og Magt; for ein Engel kann ikkje vigje inn Kristi Lìkam og Blod, og ikkje løyse og binde. Paven „opnar Himilen, sender dei skyldige til Helvite, grunnfester Rike, skipar heile Preste skape“.

Lateran-Kyrkjemøte kalla Paven „Fyrste yvi Allheimen“, „Prest og Konge som alle Menneskje skal hylle, og som er Gud mykje lik“, „Løven av Juda Ættgrein“, „Davids Rot“, “den Frelsaren Gud hev uppreist", o. dl .

Ei katolsk „Kyrkjeleg Ordbok“ (av Ferrari) segjer um Paven: „slik ein Vyrdleike og slik ei Høgd hev han, at han er ikkje berre Menneskje, men Gud, aa kalle, og Guds Augnesyning; difor hev han ei trifeld Krune, for han er Konge yvi Himil, Jord, Hel. Han sìt paa det eine og same Domarsæte som Kristus. Han er, aa kalle, Gud paa Jordi; honom er Styre yvi det jordiske og himilske Rike yvigjevi.“ Ja det vert sagt, at Paven kann mot-