Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/31

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

vesle Flokk av Sveinar og Fylgjarar; i Røyndi minner Paven um „Horne“ paa det skræmelege Dyre Som Daniel saag i Draumen sin; dette Horne hadde Augo og ein Munn som tala store Ting; og det førde Ufred mot dei heilage og fekk Velde yvi deim (Dan. 7: 8, 21; smf. Opb. 13: 5—7).

Store Ord hev denne Mot-Messias tala mange av, sjølv og gjenom Tenarane sine[1]. Ein Kardinal hev i ei Bok („Paven Kristi Jarl, Hovude aat Kyrkja“) sett upp ei Liste paa Pave-Titlar, 62 i alt, som hev vori og enno er i Bruk; dei inneheld mykje som ein vel helst maa kalle Gudshæding: Paven er „det guddomslege Overhovud“, „Øvstehovud yvi alle Kyrkjehovdingar“, „den høgste Hyrding“, „Kristus ved Salving“, „Lykleberar for Himilrike“, „Apostoliske Herre og Fader yvi Fedrar“, „Berge som Helvitsportane ikkje vinn med“, „den mistaksfrie“ o. s. fr.

Bernhard av Clairvaux skreiv (1150) mill. a. til Paven: „Du er Øvstepresten, Bispefyrstem Arvtakaren etter Apostlane; du er Kristus ved Salving; du hev Himil-Lyklane; du er sètt yvi Sauine.“ „Ingin utan Gud er lik Paven“, segjer St. Bernhard, „korkje i Himilen eller paa Jordi.“ O. s. fr.

  1. Charles T. Russell: Millenial Dawn i dansk Umskrift „Millenniets Daggry“ II, St. IX.