Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/30

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
TILLEGG.
MOT-MESSIAS (ANTIKRIST).


D

en himilske Mot-Messias som var uppsett i Nikæa Aar 325 e. Kr., fekk eit Par hundrad Aar seinare sitt tydelege jordiske Motstykke: Paven.

Denne lagde ikkje Dulsmaal paa kven han var. Han kalla seg Kristi Jarl (Fullmegti for den Kristus som var Gud og Herre yvi Verdi) i Staden for Jesu Fylgjesvein; og han raadde paa Jordi som ein Herre yvi Herrar og Konge yvi Kongar, ja lét Kongar og Keisarar knefalle for seg og kysse Stortaai si.

Det var det Aronske Prestekongedøme han hermde; men han var Øvsteprest og Øvste konge yvi Jordi, og ikkje berre yvi eit Land. Tusundaarsrike var komi, og Paven styrde Jordi i Guds (Kristi) Stad; han var daa sjølv Gud paa Jordi. Han var Hovude for den Kyrkja som no skulde raade Verdi, liksom Jesus hadde vori det aandelege Hovud for sin