Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/29

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Men liksom me skal elske Næsten som me elskar oss sjølve, so skal me og elske oss sjølve som me elskar Næsten. Næstekjærleike, men ikkje Sjølv-Uppgjeving kravde Jesus; han var ein Livslærar og ikkje ein Drøymar.

I ei Tid som denne, daa Mammon heilt hev vorti Gud, ikkje berre i den vanlege Verdi, men og i den „Kyrkja“ som denne Verdi hev laga seg, vil du kjenne deg drìvin til aa vise din Kristindom i Gjerning i Aalmennlive med. Du vil der som elles gjera det du kann til Hjelp for dei Brørane som lid Urett og Naud; du vert soleis ein av dei trugne og aldri trotnande Hèr-mennane i den Striden mot Mammons-Velde som kjem up i Rikslive meir og meir, — ein Strid som Kyrkja krossfester so godt ho kann med Ordnaglar som „radikal“, „ukristeleg“, o. s. fr., paa Lag liksom Tempelprestane fekk Jesus hengd upp paa ein meir handfast Kross utanfor Jorsal.