Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/28

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

og meir burt. Du vert fri og glad; og um du aldri so vel veit, og meir og meir ser, at du er ufullkomin, so vil du med alltid heilare Hug arbeide deg fram-yvi mot det høge Maale som er sett i Mt.5:48 (Lk.6:36).

Du kjem meir og meir i Samanheng med ditt sanne deg-sjølv; du kjenner at du hev „vunni Live“. Og det Liv du hev vunni er ditt rette, ditt i høgste Meining „naturlege“ Liv; du hev daa ikkje paa nokon Maate Grunn til aa „skapa deg“, korkje for deg sjølv eller for andre. Eit Gudsbarn er du, men er det i Samhøve med Ord som Mt. 6: 1—7, 16—18. Det vil ikkje gange noko Rop i Bygdi um, at no er du „frelst“, eller at no hev du „fengi Naade“; men dei som hev med deg aa gjera, dei vil finne at du er greid aa ha med aa gjera, og dei vil vera glade for det; eller som Jesus segjer: „dei vil sjaa dine gode Gjerningar og ære din Fader i Himlom“.

Live vert deg gjævt, høgt, heilagt, og det um det etter vanlege Maal er baade ringt og smaatt. Du tek til aa skyna det gamle Orde um, at det som er smaatt for Verdi er stort for Gud, d. e. at dei smaae Livs-Kaari gjev dei beste Vilkaar for eit rett Menneskjeliv. Jamvel det aalvorsame i eit Ord som Mt. 19: 23—24 vil klaarne for deg.