Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/27

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

paa nytt Lag, og spỳrr: korleis var det i Grunnen du meinte det du sagde, Meistar?

Jesus svarar, rolegt som fyrr: Du skal gjera Guds Vilje. Det Live du hev fengi skal du nytte soleis som Gud, den høgste Livslovi, byd. Daa er du i Guds Rike alt her paa Jordi; Gudsrike er innantil i deg (Lk. 17: 20, 21).

So talar Jesus. Ein segjer kannhende endaa ein Gong med seg sjølv: so djup som dei Skriftkloke er Meistaren ikkje. Men hev ein tenkt seg um eit Bìl, so kjem ein til aa minnast Skaldeorde um den Visdomen „som et Barn kan forstaa, men ei de Vise udgrunde“; og ein fær ein Mistanke um, at den som talar um dei høgste Ting so at jamvel eit Barn kann finne Meining i det, — han er vel sistpaa djupare enn jamvel dei som talar so „djupt“ at dei ikkje skynar seg sjølve.

— Ein kristin i nytestamentleg Meining, d. e. ein Messiasfylgjar, ein Jesus-Svein, er daa den, som i heilt Aalvor arbeider med aa „halde Bòdi“. Med dette vil det i Fyrstningi ikkje gange noko rart. Men etterkvart gjeng det betre; det er som det er komi ein ny Vilje i deg: din sanne menneskjelege Vilje samlar seg og vinn fram, med veksande Kraft og med veksande Glede. Og den Uhyggja som fyrr laag yvi baade Live og Dauden, den kjem meir