Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/26

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Bibelen“, hev sine „Sannings-Kjeldur“ utan for den.

So her skynar eg ikkje Steingrim Lærar.

Dess betre skynar eg han, naar han segjer : „Menneskjesonen kann me kann henda lìva, men ikkje døy paa“; eg kjenner dette so vel att fraa mine eigne Strids-Tidir.

Presten hev lært oss aa spyrja, ikkje so mykje um korleis me skal lìva, men fyrst og fremst um, korleis me skal døy. Kva Jesus tenkte um dette siste Spursmaale hev eg etter Testamente lagt fram i Boki mi. Men det eg serskilt hev lagt fram, det som eg ser Jesu sanne Visdom i, det er, at han lærer oss korleis me skal lìva.

Gjeng ein til Jesus fyrr ein hev komi til dette Spursmaale, — ja, Jesus svarar sitt: Du skal gjera Guds Vilje. Dette Svare finn me, med vaar Kyrkjeupplæring, forunderleg lite djupt. Det er klaart! Beint ut sagt klaart! Og det som er klaart kann daa ikkje vera djupt? Nei; dette er nok ikkje noko aa høyre paa. Me dreg paa Aksli og gjeng vaar Veg, um Lag som Spyrjaren i Mt. 19: 16—22 .

Men hev ein arbeidt so lengi med Livsspursmaale at ein ser kor stutt me i røyndi rekk, med Tenkjarvisdom som med Kyrkjelærdom, so kann det hende at ein gjeng til Jesus