Hopp til innhold

Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/25

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
V.
(Svar til „Steingrim Lærar“ i Unglyden 3 Jan. 1907.)



S
teingrim Lærar gjev meg gode Ord for den siste Boki mi.

Han finn nok, at eg „hjartelaust tyner Jesus Kristus“. Han finn like eins at eg „vrakar Bibelen“; for ikkje Læraren Jesus, „Sonaren Jesus er Kjerna og Mergen i den heilage Skrifti“. (Tilvisningar hadde her vori gode?) Og vrakar me Bibelen, spỳrr Steingrim, „kva hev me daa aa setja i Staden?“

Eg, min Syndar, hev sant aa segja haldi meg til Bibelen so godt som eg berre kunde. Det finst i „Jesus Messias“ inkje-noko um Jesu Liv eller Lære som er teki annan-stad ifraa enn fraa Nytestamente; og alt som Nytestamente inneheld um Jesu Lære og Liv hev eg nemnt eller ført fram. Og ikkje eit Ord hev eg sagt um at me skal vraka Bibelen; heller er eg etter Kyrkja for di at ho altfor mykje „vrakar