vedkjømelegt er det aa lesa Bruuns Ord um den Verdi der me „færdes og famler og elsker og hader[1]“; ein heilt annan Klang var der i Jesu Ord: du skal ikkje hata! — du skal elske jamvel din Fiende.
Men Jesu Lære er ikkje Kristindom; Jesu Lære er „Rationalisme“. Og Rationalistlæra hev, med alle store Vonir, ført til „noksaa ynkelige Skuffelser“. Ei „vassen og begeistringsfattig“ Tru er dette, i Hovudsaki Jødedom; og um Jødedomen klara det i si Tid, so er han no for gamall. „Kristendommen“ — Paulus-Læra med sine Tillegg fraa Nikæa o. s. fr. — er „den „retmæssige og naturlige Arvtager“ etter Jødedomen; og slik ein Erving vart Kyrkjetrui, „ikke blot og ikke mest ved Jesu Lære“[2], men fyrst og fremst ved Læra um Uppstòdo. Kristindom, det er ikkje aa elske sin Næste som seg sjølv; Kristindom er: det „Udødelighedens Haab“, som etter Bruun berre læt seg byggje paa denne Læra.
Chr. Bruun talar so ærlegt her, at han hev ikkje minst min Vyrdnad. Men den heile Sanning kjem ikkje fram, fyrr det vert sagt beint ut, at den heidning-kristelege Kyrkja er bygd paa det Berge som heiter Paulus. Og det maa ikkje heller verte gløymt, at i Nikæa og i Konstantinopel, der vart Taarni til denne Kyrkja reiste.