Hopp til innhold

Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/23

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Ein Gong vilde Chr. Bruun, um eg minnest rett, ikkje vera Grundtvigsmann, og ikkje Johnsonmann, og knapt nok Luthermann; berre eit Namn brydde han seg um aa bera: Namne etter Nasaræaren; det var vel i den Tidi daa han hjelpte seg med „en Religion omtrent som denne Garborgs“. Sidan hev mangt skift. Bruun segjer vel knapt no som for nokre Aar sidan: „jeg er Oftedøl“; men han vedgjeng, at med Jesus fraa Nasaret klarar han seg ikkje. Spursmaale er etter Jesus: korleis skal eg lìva det Live eg fekk; Bruun spỳrr fysst og fremst: korleis skal eg naa fram til eit anna Liv?[1] Ein „maadelig Kristindom“ utan „religiøs Begeistring“ eller „religiøs Styrke“ er Jesuslæra; ho hev nok kunna „frembringe store Karakterer“; men nokon rett Kristindom vart det ikkje. „Det har“, segjer Bruun, „været en tør, mager Fromhed i Sammenligning med den kristelige Menigheds“, ɔ: den kyrkjelege. Det er den, han no hev søkt inn til; og med alt han kann hava aa segja um Pietistar og dilikt, so hev han ikkje trega paa dette. Heiltupp

    kann vera med i Trieiningi, vert Menneskje Jesus og Messias Jesus her utskilde. Likevel er Jesus „ein Person“, heil og ukløyveleg.
      Teologisk Algebra fær ein vel kalle dette.

  1. Jesus lærde sjølv eit Liv etter dette. Men Bruun maa hava Læra um Uppstòdo, fyrr han kann tru paa Jesus her.