Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/22

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

som ein av oss, ja er Tenaren aat Brørane sine. Naar Bruun vil kalle Jesus ein „overtroisk Sværmer“ av di han trur seg Messias, men ikkje held seg for Gud, — so kann Bruun mill. a. ikkje hava lagt Merke til Ord som Mt. 20: 26 flg. med Tilvisningar, eller til Mt. 11: 29.

Det er i det heile forunderlegt, kor den evangeliske Jesus er komin burt jamvel for dei beste Kyrkjefolk. Peter Hognestad sagde i ei Umtale av Boki mi, at det berre er ein „halv Jesus“ som der er førd fram; det høyrdest meg den Gongen rart. No skynar eg, at jamvel „ein halv Jesus“ er for sterkt sagt.

Den bibelske Jesus er etter Kyrkjetrui ikkje so mykje som „ein halv Jesus“; den Kristus, Kyrkja hev bygt seg, er ei Trieining: den evangeliske Messias + den paulinske Sonaren + den heidning-kyrkjelege Gud. Men dei tvo siste —: Naturane eller kva ein skal kalle det, hev døyvt Messiasnaturen so ned, at han no helst vert burtgløymd. Faae av mine teologiske Domarar hev lagt Merke til Hovudstykke i Boki mi: Jesu Forkynning (S. 44—72); dei kjem helst innpaa Paulus og Kyrkjelæra, og gløymer Jesus[1]

  1. Daa Jesus er „2dre Person i Trieiningi“, kjem etter dette Formelen for Trieiningi til aa sjaa soleis ut:
    1+(1+1+1)+1=1.

    Men daa det berre er Guddomen Jesus som