Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/18

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

millom desse tvo Jesusbilæti er det ein Skilnad som me vel trygt karm kalle uendeleg. —

— — At Kyrkja i det lengste held paa Helvite læt seg forstaa; Helvit-Læra er det Grunnfjelle Heidningkyrkja er bygd paa. Det gamle Eldhelvite liver elles berre hjaa „Folke“ no; men sjølve Herman Lunde — i vaart Jerusalem ein av Modeprestane for den Jesus som i sitt Jerusalem vart krossfest (Lunde legg seg daa og etter aa gjera Jesus noko meir rikmans-tekkjeleg enn han etter Testamente kann ha vori; smf. Mt. 19: 23, 24) — denne Presten Lunde gjer alt det han kann til aa halde uppe det „rystende Mysterium i Begrebet Gjengjældelse“, um han elles vedgjeng, at Boki mi hev Rett i si „Afskrælling af væsentlig middelaldersk“ (ɔ: luthersk) „Udvikling af Jødeforestillinger“ um Gehenna („Garborgs Jesus Messias“ s. 24) [1].

  1. „Begrebet Gjengjældelse“ er aalvorsamt. Syndi straffar seg her i Live so visst, og so strengt at Presten kann vera trygg: det er ingin som slepp for lett ifraa Leiken. Me lès no um ein Amerika-Riking som held paa og gjev burt Millionane sine; den Mannen er komin etter, at jamvell Gull karm vera „Helvites Eld“.