Hopp til innhold

Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/19

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
IV.
(Svar paa eit St. av Chr. Bruun i For Kirke og Kultur Novbr. 1906.)



U
m den siste Boki mi hev Novemberhefte av For Kirke og Kultur ei roleg og sakleg Avdøming, som eg hev Chr. Bruun aa takke fyri. —

— Bruun finn, som andre fyrr hev funni, at „Jesus Messias“ ikkje er lett skrivi. Dette maa eg segja at eg helst er glad fyri. Hadde Boki vori serskilt lett, so hadde Teologane sagt um meg som dei sagde um sjølve den lærde Renan: han er Romanskrivar. Eg hev lagt meg etter aa skrive klaart; dei som finn at dei treng til aa tenkje yvi dei Spursmaali Boki dreg fram, vil daa greide ho, um ho er aldri so lite Roman, lyt eg vone. —

— Grunnen i Bruuns Kristindom er Trui paa Uppstòdo. Det er daa her at Domen hans fell sterkast yvi Boki mi.

Uppstòdo er etter hans Meining „frygtelig stærkt bevidnet“; han held seg elles til dei