Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/17

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
III.


(Merknad til eit Ord i Herman Lundes Hefte „Garborgs Jesus Messias“ — or eit St. i D. 17de Mai ²⁰/₁₂ 06.)

— — Med „Jesus Messias“ hev Teologane vori ikkje lite i Beit. Den Jesus, som eg hev ført fram, det er nok Jesus paa ein Maate; men det er ikkje deira Jesus: det er berre Tridjeparten av honom, eller i det høgste Helvti. Og dei hev æveleg Rett. Millom den kyrkjelege Jesus, som er paa ein Gong Sonar og Offergud: ofrar seg sjølv til seg sjølv til aa forsone seg, men endaa held sitt ævelege Helvite brennande for Stormengdi av sine Brørar (Born; smf. „Jes. Mess.“ S. 21), — millom denne og den evangeliske Jesus, som er Guds Barn liksom Brørane hans, og forkynner Fagnadbode um ein Fader som ikkje bryr seg um Blot eller Blod, men elskar oss, og vil at me skal elske honom, og vise dette ved aa elske vaar Næste som oss sjølve, —