Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/96

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Farrar og Kvaksalvarar og Folk med eit utrygt Ord, og gjev sitt Liv so ingen veit um det. Dette er sann Kristendom. Men sann Kristendom er upraktisk Kristendom, som aldri fær Magt.

Men eg saknar Bror min. Eg hev teki til aa faa Tru til han. Og der er Frelse i aa tru paa eit Menneskje.

For trur ein paa eit Menneskje, so trur ein paa noko som er meir enn Menneskje. Eg tek til aa tru, at her er noko aa tru paa. Noko godt; noko sant; noko som ikkje er Reklame. Det gode fær han meg til aa tru paa. Ikkje med Ord, men med seg sjølv. Og Trui paa det gode frelser. «Trur du paa det gode, so trur du paa Gud,» segjer Sant Paal.

For er her noko som er godt, noko som gjev seg sjølv og ikkje søkjer Løn, so er me ovanum Naturen. Her er eit nytt Rike. Ei høgare Lov.