Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/97

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Og daa er ikkje Verdi det tome gamle Hus lenger, der Ølur og Ormar slæst, og Rotte og Røyskatt strugglar for Live.

Bror min maa koma att. Di meir eg veiknar, di meir treng eg han.

XL.

Han var her med ein Potteblom, eit lite fint ungt Tre; det hev alt Knuppar og sprett snart.

«Dette,» segjer han, «hev eg tigga meg til; og du skal ha det til aa sjaa paa no, daa det tek til aa vaarast. Men du skal sjaa vèl paa det.

Veit du kva Mystik er? Naar du ser paa slik ein Blom, og ser at han veks, so ser du det mystiske.

Ser du? I den vesle Krusi er der ein Neve svart Jord. Av den Neven svart Jord lagar denne Voksteren det du her ser: Rot, Legg, Grein, Kvist;