Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/95

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

eg maatte hugsa og tenkja paa; og det var der Hjelp i; so sleit eg ikkje so mykje paa meg sjølv. Og eg sov betre dei Næterne.

Han er ein Svermar som Meisteren hans. Fekk denne Kristendomen Magt, maatte Folk gjeva seg fraa Verdi, og Lande gjekk under. Det gjer det likevèl; for det er gamalt og himmelsjukt, og hev lite Framferd i seg. Men meir Himmelsjuke vilde skuva Feigdi fram; og Bror min vart ein av dei faarlegaste, um han fekk Mengd med seg.

Men det fær han ikkje. Svermarskapen hans er meinlaus og mild. Utan for han sjølv; for av seg sjølv krev han mykje. Han drep seg. Hadde han levt i ei onnor Tid, so hadde han vore Profet. Folk hadde gjort han til Messias eller Buddha; og Prestarne hadde tynt han og sidan skòre seg Levebrød av hans Dygder.

Men Sant Paal vil ikkje vera Profet. Han blandar seg burt millom