Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
5

Mann bera til Rygg brest. Eg vil lida og tenkja, at di verre det er, di snarare det gjeng. Og er eg aaleine, skal mine Tankar halda meg Lag; og er Folke mitt burte, hev eg Minni att; og med Voggevisur vil eg svæva min Hugverk. Og alt det eg hadde av Live, det gode og det vonde og alle Umskifte, vil eg hugsa fram att og tenkja igjenom, og sjaa, um eg finn Lærdom og Lov og Samanheng. Men paa stille Dagar, naar Soli er varm, sit eg ved Gravi til Far og Mor; og til dei segjer eg alt det eg leid og lid, og skriftar mi Synd og trur at dei tilgjev. Og det vil synast meg visst, at kor gale ein fór og kor saart ein sveid, so er Live altid betre freista enn ufreista.

Og eg tenkte meg um og sagde: Kva vil eg med Faderen? Eg hev aldri kjent Faderen.

Eg trudde paa Gud og var rædd; for Gud var faarleg. Han gjætte meg