Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/8

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

med Augo av Eld, og han saag alt, og alt var vondt; og alt vondt kveikte hans Harm; og Herrens Dag skulde koma som ein Tjuv um Notti. Og alltid naar eg vilde vera glad maatte eg gløyma Gud.

Fred med Faderen og med Domaren, og Fred yvi all hans Harm og Eld! Han søv, og me skal ikkje vekkja den Dom-snare.

Rolegt, du Hjarta der inne! vrid deg ikkje so. Det verste er att; men det engste er yvi stridt. Og Faderen er burte; men naar Dagen lid til Kvelds gjeng eg heim til Mor, til mi rette Mor, heim til Naturen.


III.


Men so tenkte eg og sukka i vakne Næter, naar Verken var vond og Hugen saar: