Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/6

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
4

kom fram var Heimen seld og Ætti spreidd; og Bror min sat som ein Farre paa ei Heid, og dei sagde han var galen. For han hadde selt alt det han aatte og gjeve det til dei fatige.

Daa saag eg at eg var aaleine; og eg hadde ein vond Dag.

Eg gjekk til Bror min og sagde han mi Meining; so leigde eg meg inn hjaa ein framand Mann, til aa bu der. For no vilde eg ikkje flakka lenger.

Og eg sagde med meg sjølv: her vil eg døy.

Eg hev vandra gjenom Live. Eg hev vorte gamall men ikkje vis; eg var rik men hev vorte arm, og no er eg heimkomen men ikke heime. Men endaa vinn eg heim. Det er berre den siste Kneiken att; og dette tronge Rome skal vera min Inngang til Kvila.

Angest kjøver meg, og Sjukdom brenn i mitt Blod; og Hjarta verkjer og vrid seg. Men sin Lagnad maa