Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/67

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

som ein kald Orm;
og mine Rop
og min skjelvande Sukk
døyr i Notti.

XVIII.

Ein Skriftefâr kunde lyfta av meg mine tunge Minne.

Ein klok, fin mann, som kjende Verdi og Live og Hjarta vaart, og som ein torde tala ut med, kunde gjera det. Men kor finn eg ein slik. Protestantarne hev berre Teologar. Og ein framand forstod meg ikkje.

Men so tenkjer eg: i Grunnen er alla framande. Det er ikkje paa Jordi tvo, som talar det same Maal. Kvar legg sitt i Ordi; dei talar med dei same Ord um kvar sine Ting. Og eg veit ikkje, kva det som eg segjer vert til i Heilen aat den eg segjer