Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/54

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
52
XXII.

Eg sagde med meg sjølv: dette Live hev dei nøydt paa deg; du skylder ingen noko for det; gjer deg den Hugnad av det som du kann, og lat det so fara.

No, daa eg hev gjort meg min Hugnad av det, kann eg ikkje lata det fara.

Det er utbrukt og inkje tess. Det er ei Møde og ei Tyngd, og eg orkar knapt bera det. Men daa eg ei vond Nott tok frem mine sterke Dròpar, dei, eg hadde gøymt som ei Redning og ein Utveg fraa mi verste Tid, daa kunde eg ikkje med all mi Magt faa meg til aa taka dei. Eg var ikkje rædd Dauden. Eg kunde berre ikkje sleppa Live. Dette utslitne Live, eg held paa det som ein Skatt. Eg klengjer meg til det som Baan til Mor.