Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/55

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Mot min eigen Vilje. Kven skynar sovore.

Dei nøydde Live paa meg; var det for mi Skuld? Var det ei Gaave eg fekk? Ei Gaave so gjæv, at endaa naar ho er burtøydd og inkje meir tess, er ho gjævare enn Verdi?

Er her noko som er gjævare enn Verdi? Og det hev eg aatt og øydt burt? Er det det, som gjer deg so uroleg, du Hjarta der inne? Ræddast du for ein Rekneskap? Tenkjer du paa den late Tenaren, som grov ned sitt Pund og sùmla burt si Tid; og daa Dagen kom, hadde han kje vunne nokon Ting, men vart jamvel fraateken det, som han hadde fengi?

XXIII.

Vinteren tek til; Jordi døyr. Sval og rein legg Snøen seg ned yvi alt og løyner alt, Aaker og Urd, Stuve og