Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/53

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

vera denne breide Straum av skiftande Form og dette blanke Hav av skiftande Ljos og heile denne endelause Rikdom av altid det same, som er Æveheimen?

For so segjer Visdom: dette er Live, at det eine ét det andre og sidan vert upp-ete sjølv. Kvar gjøder seg til eit feitt Slagt for sin Overmann. Eg aat med’ eg kunde, og vart so sjølv eten; og naar Tidi kjem, lèt eg meg eta til siste Rest av Makk og Mugg; for til Slutt er det vaare Undermenn som ét oss.

Eg fylgde Livslovi; eg bøygjer meg for Livslovi; so vert eg nedsvelgd i Livsens store Vomb, og melta og uppløyst, og so uppsògen paa nytt i Livsens Blodstraum; kvi skjelv eg daa?

Den Blodstraumen er det evige Liv.