Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/51

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Eg talar um Samfunde. Sjølve Samfunde krev, at kvar tenkjer paa seg, og paa Alderdom og Etterkjømd. Han svarar:

«Den Allemanns Krig mot alle som du kallar Samfund, kjem meg so lite ved. Eg gjev Keisaren det som hans er; og gjeld det aa ofra, um so Liv og Blod, er Jesu Svein Fysstemann; men det rette Samfund vil byggjast paa Samstræv og Fred, og ikkje paa Ufred. Og den som vil bøta Samfunde, byrjar med seg sjølv.»

Og han fortèl meg, at den rette Maaten aa syta for sin Alderdom paa, det er just aa hjelpa andre; for kjem daa den Dagen, at ein sjølv treng, so lèt ein dei andre faa hjelpa seg; «og det er den einaste Gleda, ein daa kann gjera sine Medmenneske.»

Eg maa læ. «Du høyrer kje heime i denne Tid,» segjer eg.

«Nei Gudskjelov,» svarar Bror min.