Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/52

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
50
XXI.

At Live er Sol-kraft, Sol-eld, skynar eg um Notti. Naar Soli er burte, sloknar me.

Og fær me ikkje slokna burt i Svevn, ser me Helsyner og hev Feber. Det er Dauden som raar og Mara som rid. Og Hel-skodde legg seg um halvsløkkte Augo.

Lange graae Tankar tøygjer seg fram or Kræerne. Vonde Minne sìt inne i Skuggen, halvløynde, med grøne Augo og glor. Og Nattlampa strider med Myrkre som Vite med Ørska.

— — Synd? Nei. Eg synda ikkje. Eg levde etter Livslovi. Guds Lov. Som er, at det eine skal eta det andre.

Eller er det ikkje so? Er ikkje alle Ting til for at dei skal næra kvarandre og løysa seg upp i kvarandre; og er ikkje Live til for at det skal